Kor uvitande er det lov å vere?

06.03.2019

Ei undersøking har nyleg avdekka mange tilfelle av valdtekt og forsøk på valdtekt i Forsvaret. Forsvarsleiinga er overraska, sjokkert og forskrekka over omfanget. Overraska? Hallo? Vi har dei siste åra vorte grundig informert om vald og valdtekt i Noreg. Så tidleg som i 2003 fekk vi NOU 2003:31: Retten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner. I 2014 fekk vi ei nasjonal studie om vald og valdtekt i Noreg, frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (Rapport nr.1/2014) I begge desse publikasjonane er det omfattande litteraturlister over forsking, dokumentasjon og drøfting av problemfeltet. Det siste året har metoo undervist oss om korleis seksuell trakassering av kvinner artar seg på dei fleste område i samfunnet, nasjonalt så vel som internasjonalt. Informasjonen viser oss at mannsdominerte miljø, der makt og status er samla på få hender og hierarkiske tradisjonar er godt utvikla, er særleg utsette. Under fredsprisutdelinga i 2018, sa fredsprisvinnar Denis Mukwege at eit av dei viktigaste tiltaka for å hindre seksualisert vald mot kvinner i krig, er å hindre slik vald mot kvinner i fredstid.

For oss som har jobba dei siste førti – femti åra med å spreie kunnskap om det store samfunnsproblemet som seksualisert vald mot kvinner, barn og menn representerer, er det djupt frustrerande å oppleve korleis maktmenneske igjen og igjen, får lov til å sleppe unna sitt ansvar gjennom å proklamere at dei er forskrekka og overraska. Men dei er ikkje forskrekka over at dei veit så lite eller overraska fordi dei ikkje har fylgt med i timen. Dei står der med buksene nede og lest som om dette er ny kunnskap. Det er over ført år sidan Forsvaret vart opna for kvinner og i 2014 vart det ålmenn verneplikt for både kvinner og menn. Det faktum at berre ein av ti yrkesmilitære i Forsvaret er kvinner, medan kvar fjerde soldat i førstegongsteneste, er kvinner, burde jo få varsellampene til å lyse for alle som har eit minimum av innsikt i kjønnsstrukturane i samfunnet. Dersom ein skal kunne førebygge vald og valdtekt, så er punkt ein at ein skjønar omfanget av problemet og at ein tek den kjønna kulturen på alvor. Det er ikkje nok å proklamere likestilling mellom kvinner og menn. Likestilling, likeverd og ei respektfull samhandling mellom kvinner og menn kjem ikkje av seg sjølv. Det trengs kunnskap, kulturendring og stadig oppfølging.

Det er jo særleg skremmande at omfanget av vald og valdtekt er så stort som det er i Forsvaret, fordi Forsvaret har som sitt samfunnsmandat å sikre tryggleiken for kvinner, barn og menn. Slik skulle vi jo tru at Forsvaret gjekk i spissen for å førebygge seksualisert vald, både innafor Forsvaret og i samfunnet elles, ikkje minst med tanke på rekruttering. Nettopp fordi seksualisert vald mot kvinner er ein krigsstrategi, må vi ta dette samfunnsproblemet på største alvor og stille tydelege krav til Forsvaret.

No må flomlyset på forsvarssjefen og den øvste leiinga! Det er ikkje lov å vere uvitande lenger! Det er ikkje nok å sparke ansvaret nedover i systemet og be om meir varsling, noko som er svært krevjande for unge menneske. Skal ein organisasjon endre praksis, står og fell prosessen med ei leiing som forstår problemet, har kunnskap om situasjonen og har mot og vilje til å sette dagsorden.

Derfor må forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen ta sin offisershatt, sine striper og stjerner og gå av. Dersom han ikkje sjølv skjønar det, så må dei som har tilsett han, sørge for å få på plass ein forsvarssjef som har den kompetansen som trengs.

Arna Meisfjord,

Kvinneuniversitetet i Norden