#Metoo

Vi treng ein sanningskommisjon.

Folk er forskrekka. Dei trur ikkje dette kan vere sant. Det er så vanskeleg å forstå omfanget av seksuell trakassering, seksuelle overgrep og valdtekt som meetookampanjen har avdekka. Politikarane er handlingslamma. Tiltaka som kjem på bordet er puslete, sett på bakgrunn av overgrepa og dei konsekvensane som desse har, for enkeltmennesket og for oss som samfunn. Handlingsplanar på alle arbeidsplassar er viktig og nødvendig og eit lågterskeltilbod for kvinner som har vore utsett for overgrep, er bra. Men korleis førebygge og hindre at menn tek seg til rette og utset kvinner for overgrep og vald og til og med drap? Kva er det som ligg bak og korleis skal vi som samfunn vaksinere oss mot den kulturen som gjer at mange menn ikkje ser og forstår kva dei gjer med dei kvinnene som dei møter på arbeidsplassen, i festleg lag, i det offentlege rom eller i heimen?

Retorikken om at vi i Noreg har likestilling, har gjort oss blinde for det faktum at kvinner i stort omfang blir utsette for seksuelle overgrep og vald og at overgriparane i all hovudsak er menn. Denne kulturelle blinde flekken gjer oss ute av stand til å sjå og til å forstå og vi ser det ikkje før vi trur det. Dermed står politikarane tafatte i møte med eit samfunnsproblem som dei ikkje trur eksisterer.

For å kunne førebygge og hindre menn si vald mot kvinner, treng vi eit felles grunnlag av kunnskap om korleis verkelegheita ser ut. Vi treng ein sanningskommisjon.  Kva seier lovverket eigentleg om kva som er lovleg og ikkje lovleg? Kva for internasjonale konvensjonar har Noreg forplikta seg til å følgje og kva for konsekvensar har dette for menn si vald mot kvinner og samfunnet sitt ansvar? Kva veit vi frå forsking og fakta om omfanget av seksuell trakassering, seksuelle overgrep, valdtekt og drap av kvinner? Kva veit vi om kva slike overgrep har å seie for kvinner sine liv og helse? Kva veit vi om omfanget av vald mot gravide og kva for konsekvensar har dette for mor og barn? Kva veit vi om korleis kvinner blir framstilt i reklame, i media, i porno osv? Kva veit vi om samanhengen mellom kvinnesynet og handsaming av kvinner? Kva veit vi om korleis seksuelle overgrep og valdtekt av kvinner blir bruka som våpen ved krig og konflikt? Kva veit vi om kvinnesynet i ulike kulturar og i ulike historiske periodar og korleis har overgrep mot kvinner vore legalisert og forsvart av makthavarane til ulike tider, til dømes under hekseprosessane? Kva finst i lærebøker i skoleverket om menn si vald mot kvinner? Finst det handlingsplanar mot seksuell trakassering og valdtekt på ungdomstrinnet og i vidaregåande skole?

Vi treng ei ny opplysningstid. Vi kan starte med ein sanningskommisjon.

Arna Meisfjord,

Kvinneuniversitetet i Norden, styremedlem