Usynleggjering som hersketeknikk; ei utfordring i historieformidlinga?

Innlegg av Arna Meisfjord på boklansering 30.11.22

Usynleggjering er hersketeknikk nummer ein, seier Berit Ås.

Ho definerer denne hersketeknikken slik:

Usynliggjering foregår når kvinner blir bortglemt, forbigått eller «overkjørt». Usynliggjøring fratar kvinner deres selvfølelse og minner dem på om at de er mindre verdt, at de er uviktige og betydningsløse.

I historieformidlinga blir det sjølsagt dramatisk, dersom kvinner blir bortglømt og forbigått. Denne usynleggjeringa er så vanleg at den i seg sjøl blir usynleg. Vi legg ikkje merke til at dei fleste gater har namn frå menn, at dei fleste statuer er av menn, at omtale i historiebøkene favoriserer menn. Historiefortellinga manifesterer seg i språket og språk er makt, som vi veit. Vi har til dømes vorte vant til å snakke om «spellemenn» om dei som spela fele. Men på 1700-talet var det mange spelekvinner. Forfattar Benedicte Maurset, dokumenterer i boka, «Systerspel. Om spelet som var og spelet som vart borte» at kvinnelege felespelarar var vanleg på 1700-talet, men vart usyleggjorte og forsvann frå kvardagslivet i Noreg frå 1860 til 1960.

Denne usynleggjeringa fører ikkje berre til at kvinner som kjønn, blir usynlege, i fysisk forstand. Det fører til at kvinner sitt arbeid, kvinner sine verdiar og kvinner sin innsats, blir usynleggjort. Det betyr med andre ord at det ikkje berre er kvinner som blir uviktige og betydningslause. Omsorgsarbeidet, kvinnekulturen, dei kvinnedominerte yrka, blir mindre verdt, i konkret forstand. Det blir dei låglønte yrka og vi godtar det, fordi dei er kvinnedominerte og kvinner har seg sjøl å takke, som søker seg til desse yrka.

Bertolt Brecht problematiserer historiefortellinga slik, i diktet En lesende arbeiders spørsmål.

  • Den unge Alexander tok India-
  • Han, alene?
  • Caesar slo gallerne.
  • Hadde han ikke engang med seg en kokk?
  • (…)

Historieformidlinga domineres av krigar, kongar om dermed menn: Bertolt Brecht spør:

  • På hver side: en ny seier.
  • Hvem kokte seiersmaten?
  • Hvert tiår: en ny stor mann.
  • Hvem betalte regningen?

Usynleggjering av kvinner, av kvinnekulturen og kvinners arbeid, har store konsekvensar for kva som blir viktig og styrande i samfunnet. Ikkje minst blir betydninga av kvinnekampen som samfunnsmessig innsats, usynleggjort. Norske Kvinners Sanitetsforening og Nasjonalforeninga for Folkehelsen, har gjort ein formidabel innsats for folkeopplysning, folkehelsa og framveksten av velferdsstaten som universelt tilbod. Vi snakkar gjerne om «krigen i Noreg», frå 1940 til 1945. Om lag 10.000 norske omkom og det finnst minst ein bauta i dei aller fleste kommunar i Noreg, for å heidre dei som miste livet. Men den største krigen i Noreg, var kampen mot tuberkulosen. Om lag 250.000 menneske omkom her til lands, fram til 1959, då vaksine, opplysning og folkehelse stansa spreiinga. I kvar ei bygd og by, organiserte kvinnene seg i denne kampen og gjorde ein formidabel innsats. Unge som vaksne måtte lære seg å vaske hendene, ikkje drikke av same vassausa, koke oppvaskkluten og serviset på forsamlingshuset. Og ikkje minst, dei snusaktive mennene måtte lære seg å ikkje spytte på golvet, verken på butikken eller i heimhusan. For ein innsats!! For ein bragd!! Men kor mange bautaer er reist for å heidre denne store innsatsen??

Vi som er tidsvitne, har eit særskilt ansvar for å formidle historia. Men dei som er tidsvitne har ikkje alltid same oppleving av kva som har skjedd. Kampen for stemmeretten, for økonomisk sjølstendigheit, for prevensjon og sjølbestemt abort, kampen mot prostitusjon, valdtekt og overgrep, for likestilling, humanisme og menneskeverd, nasjonalt og internasjonalt, må stadig kjempast. Det krevst stor innsats, stor kunnskap og ikkje minst mykje humor og glede. Her har Berit Ås gitt oss ei diktbok, som er fullt av alt dette. Vi i Kvinneuniversitetet i Norden trur at denne boka og kan brukast i historiefortellinga. For å synleggjere mange sider av Berit sitt omfattande engasjement og for å inspirere oss alle til å fortelle vår felles historie!