Et samarbeid mellom Norsk kvinnesaksforening og Kvinneuniversitetet i Norden, hva vil politikerne i Nordland gjøre for å hindre vold og voldtekt mot kvinner.

Tema: Førebygging av vald og valdtekt av kvinner.
Tidspunkt og stad: 28. august, kl. 10.00 – 16.00, campus Nesna, Nord universitet.
Arrangør: Kvinneuniversitetet i Norden og Norsk Kvinnesaksforening
Bakgrunn for konferansen: NOU 2024:4, Voldtekt – et uløst samfunnsproblem, føreslår eit massivt samfunnsmessig førebyggingsløft for å hindre vald og valdtekt av kvinner. Valdtektsutvalet slår fast at valdtekt av jenter og kvinner, er eit likestillingsproblem, eit stort folkehelseproblem og stadig eit uløyst samfunnsproblem. Undersøkingar syner at om lag kvar femte kvinne blir utsett for valdtekt. Det er ein aukande tendens, særleg for unge jenter. Dei samfunnsmessige kostnadene er store. Førebygging kan redusere både fysisk og psykisk helseskade. Utvalet slår fast at førebygging kan gje samfunnsøkonomiske vinningar, ved å førebygge helseskade, hindre tap av arbeidsevne, redusere kostnader til krisesenter, helsevesen, rettsvesen osv.
Innhald i konferansen:
Første del av konferansen er faglege innlegg som tek utgangspunkt i tematikken i NOU 2024: 4. Andre del av konferansen er ein paneldebatt med sentrale politikarar som har ambisjonar om å kome på Stortinget. Problemstillinga er: Vil du/ditt parti, i stortingsperioden 2025 – 2029, føreslå gjennomføring og finansiering av Valdtektsutvalet sitt forslag om eit massivt førebyggingsløft for å hindre vald og valdtekt av kvinner? Målgruppe: Lærarar i barnehage og skole, helsepersonell, tilsette i krisesenter, studentar, kommunetilsette, politi, advokatar, politikarar på lokalt, regionalt og sentralt nivå og alle samfunnsengasjerte menneske.
Program for konferansen:
- Kl. 10.00: Velkomen. Opning av konferansen.
- Kl. 10.10: Ole Henrik Augestad, leiar av Valdtektsutvalet: Valdtekt – eit uløyst samfunnsproblem.
- Kl. 10.50: Gunhild Vehusheia, advokat, forfattar og leiar av Norsk Kvinnesaksforening: Hva for tiltak bør gjøres, i og utenfor rettssalene, for å hindre vold og voldtekt i likestillingslandet Norge?
- Kl. 11.15: Wanja Sæther, leiar av Salten krisesenter: Kva er krisesentra sin rolle i arbeidet for å førebygge vald og valdtekt av kvinner?
- Kl. 11.45: Trine Fagervik, lærar og statssekretær i Barne- og familiedepartementet i perioden 2023 – 2025: Våg å sjå, våg å snakke, våg å handle.
- Kl. 12.00: Lunsj.
- Kl. 12.30: Lise Marit Nyerrød, rådgjevar, Likestillings- og diskrimineringsombodet: Valdtekt som likestillingsproblem.
- Kl. 12.50: Anne Mette Rosø, faggruppeleiar, Samfunnsfag og RLE ved fakultet for lærarutdanning, kunst og kulturfag, Nord universitet: På kva måte kan lærarutdanninga vere del av eit førebyggingsløft for å hindre vald i nære relasjonar og valdtekt?
- Kl. 13.15: Solveig Mork Holmøyvik, forfattar: Kåseri.
- Kl. 13.30: Pause, med kaffe, kake og uformell diskusjon. Organisering til paneldebatt.
- Kl. 14.00 – 16.00: Paneldebatt: I panelet: AP, Frp, H, Krf, Mdg, Raudt, SP, SV og Venstre.
Debattleiar: Tor Martin Leines Nordaas, journalist, forfattar og kåsør.
Påmelding til konferansen innan 20. august 2025 her: Påmeldingsskjema
Informasjonskontakt: arna.meisfjord@hotmail.no