Kvinneuniversitetet i Norden har vore med og laga 8.marsarrangement på Nesna sidan vi vart etablert i 2011. I år har initiativtakarane fått namnet «8.marsklubben» og består av Anne Mette Rosø, Siril Finne og Arna Meisfjord. Stortingskandidat for SV i Nordland, Mona Fagerås vil halde eit innlegg på arrangementet. SV reknar seg som eit feministisk parti og kva dette betyr, vil vi sikkert få høre meir om på 8.mars.

På programmet står og representantar frå Ungdomsrådet på Nesna som vil fortelle om korleis dei engasjerer seg i saker som gjeld den internasjonale kvinnedagen. Det vil bli kulturinnslag og kvinnekafe. Alle interesserte er hjarteleg velkomne.

Se program